Etiketter

torsdag 9. juni 2011

Digging in the garden

Overalt ein går ser ein folk opptekne med å grave i åkeren. Dei grev rundt husa og på åkrar i landsbyen sin. Elevtala går kraftig ned når borna trengs i arbeidet. Alle eg kjenner grev sjølv eller betalar folk for å grave. Dei fleste er avhengige av maten dei dyrkar. Å kjøpe all maten ein treng blir for dyrt. I slutten av mars såg det ut til at regntida kom, så folk gjekk mann av huse for å dyrke i åkrane sine. Det varte berre ei lita veke, og alle spirane strauk med av nådelaus sol. Eit stort tap for dei som ikkje har råd til nye frø.

Anne og eg blei med vertsfamilien vår ein dag i åkeren.


Også mor i huset tar i eit tak

tirsdag 7. juni 2011

Ei oppdatering

No sit eg på ein av dei kjente kjære plaststolane våre med eit myggnett strekt ut frå veggen. Anne ligg inne på soverommet etter å ha gjort eit tappert forsøk på å samle data. Ho for til fotballaget sitt sjølv om ho ikkje er i form. Etter mange testar på sjukehuset har vi slått oss til ro med at det er noko så vanleg som influensa denne gongen. Satsar på at ho blir fort bra igjen. 

Regnet er her no. Brått plaskar det ned og lagar strie brune bekker i jordvegane. Dei som køyrer bodaboda (motorsykkeldrosje) køyrer forsiktig i den sleipe gjørma og styrer mellom dammane for å unngå at passasjerane ikkje får gjørmevatn på beina.  Det regnar stort sett dagleg og temperaturen er rett og slett fin. Gulu er ikkje brun og støvete, men grøn. Vokstrane veks om kapp i ein forrykande fart.

Tante, bananpalmar, graskarblad,
bønnespirar og greens

I hagen rundt huset har dei planta mais, bønner, peanøtter, bananar, tomatar, graskar og fleire variantar i katogorien "greens". Sistnemnte inneheld spinatliknande grøne vokstrar som smakar meir eller mindre bittert eller syrleg. Vesle Grace er oppe på to bein i fleire sekund i slengen. Heile slekta blir angasjert når ho tar tar sine første steg. 

onsdag 1. juni 2011

Motivasjon og lærarseminar

Skuleferien var over 23 mai, men eg var nok ein gong innlagt med kombinasjonen tyfoid og ekoli. Seige greier som tar tid å kome seg heilt til hektene av. Ein dag var eg innom skulen og fekk to lærarar til å korrekturlese nokre spelereglar eg hadde laga. Litt vanskeleg å skrive reglane detaljerte nok på eit språk som fungerer i den lokale lærarstaben, men det ser ut til at eg har lukkast ganske bra. Lærarane vil gjerne lese og prøve å skrive litt. Det er stor stas å prøve å finne bokstavane i namnet sitt og få det opp på skjermen. 

Ein elev testar eit spel på lærarrommet

I forrige veke hadde eg eit innlegg på to lærarseminar for tilsaman 90 lærarar der halvparten var rektorar. Innlegget tippa vel mot ein apell for praktisk matematikkundervisning, helst med bruk av spel. Tilhøyrarane blei riktig interessert når eg fortalde at eg hadde jobba på ein lokal skule sidan januar. Dei nikka når eg la fram desse utfordringane: overfylte klasserom, elevar som er redde matematikk og/eller har manglande grunnleggande forståing i faget. Eg skisserte gruppeorganisering og viste dei eit spel. Dette spelet spelte eg med 5. trinn i Otici, det er nemnt tidlegare i bloggen. Avrundingsvis gav eg nokre tips på kva konkretiseringsmatriell ein kan lage gratis eller svært rimeleg. Kunnskapsrik, kreativ og friendly var nokre av tilbakemeldingane eg fekk etterpå. 

Tida før ferien var prega av dårleg helse og laber motivasjon for min del. Det viser seg at eg har hatt forventningar om å spre pedagogiske metodar og idear. Skulen der eg jobbar er ikkje blitt særleg påverka av desse metodane og ideane eg har vist etter beste evne. Haldningar og undervisningstradisjonar er ikkje noko ein raskt kan forandre, eg veit jo det. Likevel har det vore ganske skuffande å merke at skulen ikkje kjem til å ha tydelege spor av min innsats. Det er berre å innsjå at desse forventningane ikkje innfrir på skulen. Innlegget på lærarseminara gjorde veldig godt i forhold til forventningane eg har hatt. Eg er ganske trygg på at eg fekk spreidd litt pedagogiske metodar og idear på desse seminara. 

På lærarseminaret var det ein lærar frå Teachers College. Han inviterte meg til undervise dei 450 studentane der. Skal ein endre haldningar er unge studentar eit godt utgangspunkt. Her kan eg påverke ein del trur eg. Eg gler meg veldig til dette og kryssar fingrane for at det ikkje glir ut i sanden slik mange avtalar gjer her omkring. I skrivande stund har eg ringt han fleire gongar for dagen i mange dagar utan å kome igjennom. No må eg nok stille opp i eigen person for å få kontakt.