Etiketter

lørdag 29. januar 2011

Glede


Ein grøn småbulkete toyota trillar sakte inn i ei fargerik folkemengde. Kvinner feier framfor bilen og viftar med grøne kvistar. Dei klappar, strekk hendene i veret, og jublar slik berre afrikanske kvinner kan juble. Kvinnene tar av seg sjala sine og lagar ein løper. Gleda er rørande. 

Det er bruda som kjem, over ein time for sein etter vår tidsrekning. Men det ser ikkje ut å påverke dei fleire hundre gjestane som har samla seg i kyrkja. Dei held koken og syng til eit lokalt kyrkjekor med forsongarar. Ein mann på cynth spelar enkle akkordar til ein livleg rytmeboks. Anlegget er skrudd opp til smertegrensa og konkurrerar med tradisjonelle jubelhyl frå kvinnene. 

Etter sermonien med bryllupsløfta samlast folk ute under nokre presenningar. Paret hadde ikkje råd til å betale for bryllupet, men kyrkjelyden har hjelpt til med å samle inn pengar. Den lyseblå bryllupskaka (minna om gulrotkake) blei delt opp i bittesmå bitar slik at alle skulle få ein smak. 




Mange tørre talar seinare blei maten servert, men kvar er bestikket? Ganske imonerande at dei greier å ete sausete mat med fingrane utan å søle på sine fine klede. Eg og Anne prøvde så godt vi kunne.




onsdag 26. januar 2011

"Borehole water"

Vatn er ikkje eit problem i Uganda fekk vi høyre. Her er det to kraftige regntider kvart år. Dei har mykje dyrka mark her, og mange er sjølvforsynte med mat frå hagen. Reint vatn er likevel ein mangelvare. Kvinner og barn må gå langt til nermaste vasskjelde som er bora så djupt at vatnet er trygt å drikke. 

24 januar var vi med på ein tur der dei skulle bore ein grunn brønn. Hal, ein amrikanar som borar slike brønnar i jobben sin til vanleg, sa at han bora brønnar her "because the love of Jesus compelles me". Han har lært opp nokre karar her ifrå til å gjere jobben, så dei hadde alle reie bore brønn utan hjelp frå han. To gongar i året reiser han hit for å hjelpe til med eigen muskelkraft og erfaring. Mannen har ein rå, men smittande latter som sit laust. 

Det var rett og slett frykteleg varmt. I det vi kom fram greidde vi å knuse litt stein, men varmen tok seg snart opp. Det varte ikkje lenge før eg var eit svett slips som hadde meir enn nok med å sitte stille i skuggen og drikke litervis med vatn. Hal trakk på seg ein blå overall, og jobba like friskt som dei lokale. Karane stod på heile dagen utan å virke spesielt plaga. Vi gjømte oss for sola inne i bilen eller under ein presenning med våte tørkle på hovudet. Ungane frå landsbyen kom og kika på oss nokre timar før dei turde å ta kontakt. Dei inviterte oss med til landsbyen, til pastoren si hytte der dei hadde ei tromme. 

Tromma brukte dei til bøn. Eit par kvinner og fleire ungar samla seg og sang tradisjonelle lovsangar medan gutane og eg byta på å spele på tromma. Det var stas! Eg trur dei var retteleg glade for at vi var interesserte i kulturen deira. 

søndag 23. januar 2011

Take a bath

Slik det ser ut no har ein desse alternativa om ein vil vaske kroppen:

1.  "Take a bath" betyr å "splashe" med vatn frå eit kar. Jentene i husstanden ser til at det står klart oppvarma vatn. Dette er det desidert mest brukte alternativet ingen her ser ut til å finne verdige konkurrentar til.

2. Muslimar pleier å helle vatn over seg frå ei kanne.

3. Ein kan dusje i kaldt vatn. Fleire velståande har dusj, men eg har enno ikkje møtt nokon her ifrå som brukar slikt. Eg for min del ser på dette alternativet med forventning og glede når sola står rett over hovudet. Sjølv om ein tar kalddusjen etter at sola går ned kan ein ta seg god tid utan å fryse.




Tur til Otici og Palema 20. jan.

I dag har vi reist langt med ein kraftig firhjulstrekkar. Vi kjørte til Otici for å besøke skulen der. På skulen i Otici var det ingen vi fekk kontakt med i forkant, så vi måtte berre dukke opp. Der var dei i full gang med å bygge to nye bygningar som skulle gje rom for fleire elevar. Dei meinte å ha dei ferdige til skulestart den 31. jan, men no venta dei på sement, så arbeidsfolket gjekk arbeidslause. Vi fekk møte rektor, styremedlemmar og mange viktige personar i samfunnet. Dei var stolte over skulen sin som hadde dei einaste bygningane av semtent med bølgeblikktak. Då eg skulle ta bilete av folka der slutta dei å smile i det eg skulle ta biletet. Dette er ganske vanleg i Uganda, trur eg, i alle fall for folk som ikkje er vane med fotoapparat. Med eit stort smil sa eg at dei smilte heile tida bortsett frå når dei blei tatt bilete av. Då lo dei mykje og smilte villig på neste bilete. Kjekt. 

Dei verka venlege og greie å ha med å gjere. Eg skal bu der ei vekes tid for å undervise er planen. Vonar eg får med meg Anne når eg skal så langt ut i ingenmannsland. "Vegen" er ytterst humpete og herja, regnet gjer mykje skade på ein smal jordveg.

På eit tidspunkt kom det lattermildt frå Vincent framme: "This is in the middle of Africa!" Han hadde heilt rett. Graset er høgt som ein mann på begge sider av bilen, palmar og tre står spredt rundt omkring. Køyretøy såg vi ytterst få av, men eg blir stadig overraska over kva dei kan få med seg på ein sykkel. Finn geita.
 Det fantest faktisk mobildekning der, men straum og springvatn må ein nok sjå langt etter. 

På skulen i Palema (Ogali) blei vi mottekne av kvinner i flotte fargar som sang og dansa til velkomst. Mange hadde ungar på ryggen. Menn kom og handhelste på kvar og ein av gjestane. Inne i skulen holdt kvar og ein tale. Bønene deira hadde fått svar når vi var kome på besøk; ingen andre kjem med hjelp, så dei er avhengige av hjelp utanfrå. Noah trudde eg kom frå Fjellsdalen og hadde nok gitt dei store forhåpningar om kven som kom. Dei hadde framleis store behov for løn til lærarar då dei fekk mindre enn 100 kroner i løn for eit par tre månader. Vatnet deira hadde blitt infisert med mikroskopiske ormar, og dei hadde berre skulebygg til ein tredel av elevane sine. Dei serverte villsvin, antilope, maismjølsstappe, ris, kasava og eg som mannleg æresgjest fekk kose meg med eit så langt udefinert kyllingorgan. Ute på plassen var det fleire talar til mange foreldre som var samla. Eg prøvde å sei noko om at dei var sterke i kropp og sjel som heldt ut med sine tunge liv. Vonar eg kom igjennom. 

Vertsfamilien

No er vi på plass hos vertsfamilien vår i eit landsbyliknande strøk 40 min gange frå Gulu sentrum, den største byen nord i Uganda. Far i huset er prest i ei kyrkje, men har også ein jobb der han styrar utdanninga i distriktet. Det er herleg lett å snakke med han om normer her i landet (det syns ikkje eg, helsing Anne). I Uganda er det ingen som held kvarandre i hendene eller kyssar der andre kan sjå det, men klemming var greitt (det har vi heller ikkje sett noko til). Til gjengjeld har dei mange slags handtrykk og held gjerne lenge i handa etter at ein sjølv har prøvd å avslutte handtrykket. Mor i huset er lærar på Gulu Baptist Primary School der eg skal jobbe, men var vekkreist då me kom grunna ekstra utdanning. Her er det ferie fram til 31. jan. Dei har to unge gutar som er særs hjelpsame mot oss; reier seng, leitar etter skittentøyet vårt for å vaske det, og ber sekk og veske for oss.

I tillegg har dei ein jentebaby.  Der bur også andre familiemedlemmar på compunden. Mellom anna to jenter som gjer ein masse husarbeid. Dei ler mykje og likar selskap. Jentene i huset lagar mat og vaskar opp, men dei et ikkje i lag med gjestar og hannkjønn. Når vi foreslår å hjelpe til ler dei forbløffa og avviser på ein høfleg måte. Anne lukkast så langt betre enn meg med å hjelpe til. 

I ei stråhytte på tunet har eg fått flytte inn med broren til mor i huset. Han spelar fotball som alle andre og er generelt avslappa. Praten går lett, og det tok ikkje lang tid før eg ville kalle han ein ven. Han hjalp til med å prute prisen på seng ned til 45 000 shilling (120 kroner), madrass, laken og eit par andre ting. Vi frakta senga heim på ein bodaboda (motorsykkeldrosje).
Elles har han hjelpt til å reparere eit par syklar slik at vi kan kome oss litt greit omkring. Anne bur inne i hovudhuset, på barnerommet. Jordstiane er støvete og litt lunefulle der dei buktar seg mellom stråhytter og mursteinhus med boda boda, syklistar, ungar og kvinner med vatn på hovudet. Utover dagen blir ein fort støvete og sveitt, og det er difor ikkje utan grunn at folk vaskar seg/dusjar rundt 3 gongar for dagen.

onsdag 19. januar 2011

Kampala

Etter vel 5 timar sømn må me stå opp for å sjekke ut, ein halv time over tida. Patrick, ein av hotellet sine sjåførar, køyrer oss til Kampala, om lag ein time unna Entebbe. Han kjem faktisk frå Gulu viser det seg, og fortel litt frå området. Kanskje skal me treffe han seinare når han kjem oppover for å besøke familien sin.
Trafikken i Kampala fortona seg som ein fleksibel og bølgete åme der trafikantar fyller alle luftrom. Plutseleg går ei ku over vegen, og lengre framme syklar ein mann med rundt 8 videospelarar stabla på bagasjebrettet. Ut av dette svingar me inn på eit tun, og her har mellom anna Lion`s Aid Norway kontorer. Det er denne organisasjonen som Endre skal jobbe gjennom. På kontoret treff me David, ein særs venleg mann (som har ordna all overnatting og transport hittil i Uganda) og me et lunsj. Hamburger og sandwich. Etterpå melder me oss for den norske ambassaden, og vert invitert til å feire 17. mai om litt. Me går frå ambassaden tilbake til Lion`s kontoret, men på vegen vart me overraska over eit regnskyll. På få sekund er alt gjennomvått og me dryp som nybada kattar.
Komande natt skal me søve på gjestehuset til Makerere University.

Monopol over Afrika

På flyet satt me ved sidan av ein eks-militær små-vulgær barsking frå Georgia. Han skulle vidare til Kongo for å styre med transport til eit amerikansk selskap. Amerikanarar hadde han imidlertid lite til overs for. Dei forstår ikkje forskjellen på USA og Afrika, og lurer på kvifor det er insekt og mygg på rommet. ”You eat like a … pig in your bed and leave your windows open. Why do you … think you have bugs?” svarar han då. Elles var han koseleg og inviterar oss med på eit slag monopol på iPaden sin. Verken eg eller Endre kan stille opp mot han sine erfaringar frå militær strategi, og må gi opp.

Vel framme på Entebbe flyplass står eg i visum-kø medan Endre spring rundt for å kunne ta ut pengar. Ingen av oss tenkte på å ta med dollar eller ugandiske shilling, tek ikkje alle visa? Her gjekk me i tursitfelle èin. Endre prøver begge sine kort i fire automatar før han greier å ta ut ein sum (etter anbefaling frå ein vaktmann) på den femte. Då han kjem tilbake til meg i visum-køa, viser det seg at det ikkje er nok, og han må gjennom tryggleikskontrollen endå ein gong for å ta ut meir. No er klokka tre på natta, og ein sjåfør frå Inn har allereie venta i ein time på oss. Hakuna Matata.

mandag 17. januar 2011

Pakking og organisering




Her kjem nokre gode grunnar til å teste malariatablettane Lariam i god tid før ein reiser. Legen som skulle finne ut av kva medikament eg skulle bruke somla frå 1. des til ut i romjula, så eg måtte gå rett på kuren utan test i forkant. Slik gjekk det:
Det engelske uttrykket "think straight" gir verkeleg meining for meg no. For kvar ting eg skal gjere finn eg nesten ut korleis eg skal gjere det, før tanken stoppar eller tar ein sving. Skal eg hente noko, pakke noko, rydde noko eller flytte noko, finn eg nesten ut kva eg skal legge kor før eg står og lurer på kvifor eg står på akkurat dette rommet med akkurat desse tinga i hendene. Eg er forvandla til ein hektisk, stressa, krisemaksimerande og/eller nedstemt person som er ytterst usikker på eigne evne til å utrette noko som helst. Pakking og organisering går i sneglefart og krev meir energi enn eg har. 
Etter kun ein tablett gav eg opp heile greia og går no på tablettane Malarone. Til saman har eg brukt meir pengar på malaria enn flybilletar tur/retur. No er Lariamsgalskapen overstått, så eg er såre godt fornøgd med situasjonen. Truleg den beste investeringa eg har gjort nokon gong. Takk til søstra mi og legar i slekta som greidde å få banka vet inn i det forvirra hovudet mitt mens det stod på. 



onsdag 12. januar 2011

Istanbul

Mellomlandinga i Istanbul skulle vare i 8 timar, men blei utvida til 28. Etter nokre sinte mailar skulle vi få gratis hotell og alt i orden, det var berre å stille opp i luka til Turkey Arlines. Etter mykje venting i "køanarki" og ein humpete, trang og varig busstur, blei vi overvelda då vi kom inn i eit staseleg hotell med vakker kunst på veggane og rokokokkomøblar. Vi hadde førebudd oss på noko ganske så sjuskete langt frå alt av interesse. Resepsjonisten blei forbløffa då vi spurde om det var noko å sjå i nærleiken, han sa vi skulle berre gå opp bakken. Tidlegare hadde vi fått forklart at vi var langt utanfor sentrum, men det viste seg at det tok 10 min å gå til Sultanahmet (den Blå Moskeen) og Haga Sofia. Etter ein god frukost med tyrkiske ostar, gjekk vi inn i dei storslagne gudshusa med ein guide som etter 12 minutt insisterte på å bli bestefaren til Anne sine komande tvillingar. Han forklarte at alle som tok borti ei diger krukke av heil marmor ville få tvillingar. Til spesielt interesserte kan vi nemne at Haga Sofia blei bygd på 4 år, 10 månader og 4 dagar av 10 000 slavar og 1000 ingeniørar (eller var det 100 han sa? Nei han sa nok 1000). Først var det ei kyrkje, så blei det ein moske og no er det eit museum. Veggane var pryda av mosaikk og symmetrisk marmor. Kvar ein stein var ei fryd for auge om den låg i golvet eller støtta opp den 56 meter høge domen.