Etiketter

lørdag 26. mars 2011

Ynskjet

I dag tidleg vakna eg av ein lyd så stille at eg lurte på om lyden var der. Ein flortynn og kviskrande lyd. Var det lyden av ein herleg dag? Lyden av ein dag heilt utan strev? Var det lyden av noko som kan ta frå meg ei byrde som har tynga kropp og sinn i fleire månader? Eller var det berre lyden av vinden som leika med bananpalmane til naboen?

Eg stabla den tunge kroppen ut av senga og kjente trøyttleiken etter ei alt for varm natt. Dei store grøne bananpalmeblada bar lovnaden om at det store ynskjet var oppfylt.

Svale perler dropla frå himmelen og trilla nedover blada. Regn. Forsiktig regn. Dråpane ligg berre ei lita stund før dei fordampar frå bakken, men det kjem fleire. Bakken blir fuktig. Regn som kjølar lufta og den raude jorda. Regn som lettar ein kropp sleten av for mykje varme. Regn som let tankane gli gjennom eit lett og friskt hovud.


Det blei ikkje meir enn litt forsiktig regn, men skyene heldt heile dagen. Folk tok på seg jakke og klaga over at det var kaldt. Eg gjekk og smilte i shorts og t-skjorte og syntest temperaturen var heilt passeleg. Digg. For første gong drakk eg ein kopp med te på skulen i te-pausen. I sekstida kom det mykje torden og skyene såg temmeleg truanda (eller lovande) ut. Ein kald vind som lukta regn ruska i trea og blåste vekk heile regnet før det datt ned. Det var like før. Regnet er nære no, seier folk. Yr og forsiktig regn er ikkje nok til å trenge gjennom den tørre jorda ned til røtene. Frukttrea har venta lenge på regnet no. Det virkar nesten som om dei står og held pusten før dei kan la fruktene modne. Far i huset seier det kjem til å bli matmangel i juni. Dei aller fleste har ein åkerlapp og er adnige etter å få dyrka maten sin slik at den kan haustast snarast råd.

fredag 25. mars 2011

Første sjølvkomponerte middag

Vi gjekk til markedet for å handle inn til vår første sjølvkomponerte middag. Tomatar, aubergine, raudlauk blei menyen. Då vi fekk auge på ei dame som gjekk rundt og selde (noko som liknar på pannekaker), hasta vi etter i håp om å få stilt den verste svolten før ein kom i gang med kokkeleringa. Ho gjekk heilt bort til alle damene som selde kassava før vi fekk tak i ho. Kassava er nokre svere røter ein kan ete. Ei dame meinte Anne skulle kjøpe kassava og skar av ein skrella smakebit. Det smakte felt, men damene insisterte på at dette var gode saker. Vi kom fram til at vi kunnne kjøpe litt kassava sidan dei smakar greit når dei er kokt. Damene hadde lagt den eine digre rota etter den andre i grupper på tre eller fire. Dei pleier å grupere salgsvarene sine i priskategoriar. Vi lurte litt på om vi måtte kjøpe tre-fire, eller om vi kunne sleppe i frå det med ei rot. Anne såg mot meg, slo armane spørjande ut til sidene, og sa "korsn gjer vi det her?" Heile kassavakroken lo seg skakk forderva av Anne sitt velutvikla kroppsspråk. Det spelte ingen rolle at ho snakka på norsk; dei skjønte at me ikkje hadde tilberedt kassava før.

På vegen ut av markedet fekk vi med oss ein nysmidd kvass kniv med eit blad som ein spydspiss. Kniven kosta ei krone og 25 øre. Same pris som to tomatar i tørketida. Heime igjen fekk vi til middagen utan problem og var godt nøgd. Vi ofra ein liten pose pepper frå Turkish Airlines og koste oss som berre det. Anne slapp i frå heile middagen utan småstein, men eg knuste ein med jekslane så det vi hørte ekko i den tomme leiligheita vår. Småstein finn ein i mjølbakst, ris, posho (maisstappe), generelt i mat som har mindre einingar enn erter. 

Inn i hovudhuset

Fram til no har Anne budd på eit rom på under fire kvadratmeter. Rommet har eit glas ut til ein gang som blir oppvarma i kveldssola. Eg har budd i ei sval stråhytte  med ein yngre bror av husmor. No har vi avansert! Familien som leigde halve huset har flytta ut, og vi har fått leige denne delen. Diger stove, to soverom og kjøkken. Det vi har av møblar er den smale senga eg kjøpte då Anne flytta inn i dette huset. Her er betonggolv og betongveggar med mykje ekko. For at Anne skulle "feel at home" har husfar vore veldig grei og kjøpt nokre møblar til oss. Han har bete seg merke i Anne sitt behov for ein arbeidsplass og sa om bordet han kjøpte: "Here Ann can even work on her computer until you get something else!"





Hytter med grastak


Folk flest bur i runde hytter med grastak. Veggane er bygd av heimebrent murstein og gjørme. Grastaket må bytast ut etter 2-5 år avhengig av grastypen. Når taket byrjar å leke vatn skjønar ein at det er på høg tid.


"For nokre veker sidan fekk eg (Endre) litt problemer med å sove då det kom ei kraftig byge. Det varte ikkje lenge før drypelydane kom tett i den mørke hytta. Då madrassa vart våt på venstre sida stod eg opp for å sjekke om det gjekk an å flytte senga til ein tørrare stad. Etter kjapp sondering på barfoten måtte eg berre legge seg i senga der den stod. Heldigvis varte ikkje byga så lenge, så ei stripe i midten av senga heldt seg tørr."
Sidan den gong har me sett fuglar flyge inn og ut av taket, og husfar har snakka om at han må byte ut graset i lengre tid. Denne helga kom derfor seks-sju mann til compounden for å hjelpe til. Dei var anten i familie eller frå kyrkja. Det som er veldig tiltalande ved kulturen her er at dei legg ikkje noko i mellom for å hjelpe kvarandre. Så vidt me veit er einaste betalinga dei får eit godt måltid med kjøt (som ikkje er til å kimse av forresten). Her er nokre bilete frå prosessen:

Musejakt





Staffmeeting

I dag hadde eg eit innlegg på 35 minutt på stabmøtet. Eg snakka litt om fokus på forståing heller enn memorering, og stimulering av meir enn auge og øyre. Innlegget tok for seg idear heimefrå synkronisert med erfaringar herifrå og moment frå den lokale læreplanen. Gode greier om eg må sei det sjølv.

Apeltun, skulen eg jobbar på i Bergen, har gitt konkretiseringsmateriell til skulen i Gulu. Materiellet fekk ein gjennomgang med forslag til korleis dei forskjellige tinga kan nyttast. Det var kjekt å kunne vise metodar for terningspel og tallinjespel som fungerer om ein er lærar åleine med 150 elevar. Nøkkelen er faste grupper med faste og etterkvart drevne gruppeleiarar. Lærarane følte godt med og koste seg når eg fekk nokre av dei elste lærarane til å demonstrere terninsspel for 2. klasse.

No er settet med omlag 1800 småpinnar ferdig bunta i tiarbuntar, ti tiarbuntar er bunta til hundrarbunt, og ti hundrarbuntar er bunta til tusenbunt. Folk legg seg ikkje akkurat i selen for å kjappe seg, så det tok si tid å få buntane ferdigstilt. Endeleg kan dei brukast. Det er eit glimrande verktøy til addisjon og subtraksjon opp til 1800. Titalssystemet blir ein leik å demonstrere. I morgon kjem ein annan lærar til å gjere nytte av buntane i 2. klassen.

2 hunrarbuntar, og 5 enkle pinnar



Gruppene mine

Grupper mine har no operert i nokre veker. Når den lange skuledagen omsider er ferdig møter dei tapre gruppeleiarane opp for å rette arbeidet gruppemedlemmer deira har gjort i mine timar. Eg har tradisjonell tavleundervisning, men gir elevane god tid til å løyse mange oppgåver. Himmelhøge tårn av elevbøker som skal rettast etter kvar time skremmer ikkje meg. Andre lærarar på lærarrommet blir meir og meir interessert i metoden som deler rettetårnet i 13 kjekke små bunkar. Elevane mine får ofte gå ut i mine timar. Då evaluerer dei oppgåveløysinga frå forrige time styrt av gruppeleiarane, eller dei spelar spel. No spør dei straks eg kjem inn døra om dei får spele spel. Nokre gongar klappar dei når eg seier at dei skal ut i gruppene, utan å vite om det blir evaluering eller speling. Då kosar eg meg. 

Dei fleste gruppene fungerer greit, og nokre fungerer fantastisk godt. I dei vellukka gruppene har dei kome over haldninga til at kunnskap ikkje kan delast, og forklarar kvarandre det eine etter det andre. Sjølv dei mest infløkte tavleforklaringane mine blir forstått av samtlege gruppemedlemmar etter evalueringsøktene ute. Gruppeleiarane veks for kvar dag og haustar stor respekt frå medlemmane sine. Leiarane skryt stolt av kor mange som gjer oppgåvene dei skal, og greier å løyse dei. Desse gruppene er kjappe med å samle seg ute, og har stort utbytte av tida dei får tildelt. 


Når det er tid for speling er det stor stas. Det er latter, vifting med armar, roping og lange halsar. Engasjerte fingrar som helst vil hjelpe alle andre med å flytte spelebrikkene deira. 

Nokre grupper slit med å få halde fokuset på matematikk ute på fotballbana. For dei aller viltraste elevane blir det for fristande å springe rundt etter heimelaga ballar som har ein tendens til å dukke opp mellom urolege bein. Gruppeleiarane finn det vanskeleg å få samla gruppemedlemmane sine som forsvinn inn i andre grupper. Blir streifelevar oppdaga brukar dei gjerne "african time" slik at det kan ta ein halv time å forflytte seg til rett gruppe. Hadde eg kunna lokalspråket og forstått meir av elevkulturen ville eg truleg greidd å omrokkere på grupper og leiarar slik at fleire fungerte etter intensjonane.  



Hin dagen hadde eg eit møte med dei andre basisfaglærarane på trinnet der vi diskuterte korleis vi kunne bruke grupper i alle basisfag. Veldig motiverande for meg! Ideen er temmeleg revolusjonerande i ein skuletradisjon som er opptatt av å undervise etter faste malar i vanskelege kår, så eg er spent på om dette blir ein realitet. 



onsdag 16. mars 2011

Varmesutring

Dei skryt av at det skal bli kaldt når regnet kjem. Så langt har eg berre opplevt behageleg temperatur tidleg om morgonen. Varmen er den store utfordringa for meg i dette landet. Fram til ti om morgonen er det heilt greit. Frå ti til tre stig temperaturen til eit nivå eg på ingen måte er bygd for. Etter tre synk utetemperaturen sakte nedover mot ein behageleg shortstemperatur i åtte-ni-tida. Problemet er berre at ein bør ha på seg bukse og gensar frå halv sju om ein ikkje vil ha malaria. 

Eg startar dagen med ein kald dusj. Te takkar eg fint nei til både til "breakfast-tea" og "tea-time" halv elleve. Frå eitt til fem har eg mest lyst til å tømme vatn over hovudet og lufttørke i skuggen av eit tre. På skulen går det vanlegvis greit fram til 1100. Frå då av går eg med ein våt hatt. Tankekrevjande arbeid pleier å gå i stå på tett etter tolv, men eg kan greie meg ei stund til om eg vatnar hatten jamnleg. Når lunsjen omsider kjem omkring halv to, er eg svolten og svett. Varm posho (fast maisstappe) med varm bønnesaus krev eit krafttak å få i seg. Apetitten er laber, og eg er stadig vekk litt småkvalm i denne varmen. Etterpå gjeld det å kome seg heim til ein kald dusj. Eg er rett og slett ikkje kar til å få gjort noko anna. Dilemmaet står mellom to val oppover den ujamne jordstien: 1. Sykle roleg for å utvikle minst mogleg varme. 2. Sykle fort for å kome seg vekk frå den nådelause sola. Det blir vanlegvis det siste. Eit kamikazeritt mot dusjen. Ein dag stupte eg inn i dusjen berre for å oppdage at eg ikkje greidde å skru opp krana. Nokon hadde rett og slett skrudd den skrekkeleg hardt igjen. Fem langtrukne minutt med desperat klemming og vriding etter kom den etterlengta strålen. 

Regntida har vore mitt høgste mål i lengre tid, og eg har telt ned til "end of february/beginning of mars" heilt sidan eg kom. No seier dei at regnet som tar med seg ein lågare temperatur kanskje ikkje kjem før i mai. Eg må sei eg lurer litt på korleis dette skal gå.