Vi heiv oss på bussen ganske spontant og tok turen til Kampala. Då vi hadde køyrd nokre timar blei temperaturen god, og graset grønt. Akkurat som å kome til eit anna land. I Kampala var trafikken heilt over styr. Bussen brukte ein halv time på å stange seg ned ein bakke i kaoset som er nærast stilleståande om ein har meir enn to hjul. Ein ven kalla Thomas møtte oss og tråkla oss igjennom vrimmelet til eit hotell. Veldig kjekt å sleppe å leite sjølv. Fem etasjar over bakken var det ganske roleg. Thomas hadde med seg ein ven og inviterte oss ut på den hippaste utestaden han kjente til. Vi hamna på taket til det største kjøpesenteret i byen, eigd av ei av døtrene til presidenten.
Dagen etter gjekk vi rundt for å skaffe småting vi hadde sakna ei stund. Meir solkrem, nye solbriller, gryn, sjokolade og nye gummipakningar til Anne sine earphones. Sidan min iPod blei stolen for lenge sida har eg ikkje høyrt på anna musikk enn sprengte transittradioar, helst fleire om gangen. Det var fantastisk å få høyre på favorittartistar med gode lydforhold igjen.
Taxiparken i Kampala er noko for seg sjølv. Det er ytterst merkeleg at folk kan finne ut av dette kaotiske systemet og kome seg dit dei vil. Systemet er ganske bra, det går taxi i alle retningar for ein rimeleg penge, og dei går ofte. Når rushet står i stampe går det sjølvsagt seint, men det sig.
Taxiparken i Kampala er noko for seg sjølv. Det er ytterst merkeleg at folk kan finne ut av dette kaotiske systemet og kome seg dit dei vil. Systemet er ganske bra, det går taxi i alle retningar for ein rimeleg penge, og dei går ofte. Når rushet står i stampe går det sjølvsagt seint, men det sig.
Frå det tørre nord ville vi gjerne sjå mest mogleg vatn, så vi tok turen til Victoria sjøen. Ei anna av døtrene til presidenten hadde sett opp ein luksuspark med svømmebasseng, strand, raske båtar, ein diger stall med mange hestar og ein kunstig foss. Kvite som vi er var det her vi hamna når vi spurde etter vegen til Victoria sjøen. Det er visst her dei kvite reiser. Etter å ha drukke vatn og brus i flotte glas og sett oss ikring fekk vi auge på nokre som padla kanoliknande småbåtar ute på sjøen. Vi hasta til vatnet for å prøve, men i den inngjerda luksusparken var det berre tilgang til båtar med kraftige påhengsmotorar. Ut frå parken trengte vi ikkje å gå gjennom sikkekrheitskontroll med flyplassportal, det heldt å smile og vinke.
| Rett bortom fann vi ein lokal samlingsstad. Eg freista ein gribb med ei flaske vørterøl. |
Her fekk vi kontakt med ein fiskar som tok oss med ut i den smale plankebåten sin. På midten var det plass til to i breidda, og under toftene låg garnet. Han gjekk i kule jeans og var som alle andre her oppteken av å ta seg godt ut.
Padle kunne han. Ein kjente eit sug i båten for kvart tak. Vi fekk sjå stranda der dei lossa plankar frå ein kjempesvær plankebåt med påhengsmotor. Båten hadde akkurat same form som vår. På ei anna strand stod karar og spadde sand ut av båtane sine. Alt kom frå øyene ikring sa guiden vår, dei fekk gode prisar på varene i Kampala.
| Nokre gutar padlar heller med spadane enn å spa sand |
Vi padla til ei øy og såg fuglar og insekt flyge over det grøne vatnet. Nokre gongar smaug vi båten inn under låge kratt som vaks opp av vatnet. Eit stranda skrog av cement var det som var att etter at ein general ville lage ein uslåeleg båt. Den var nok vanskeleg å få has på, men det ser ut til at vegetasjonen har overtaket i dag.