
Tidleg vart me tipsa om kvar me kan finne det einaste badebassenget i Gulu by, og det er på Acholi Inn. Me har spart på denne utflukta til no, og var spente på kva opplegg det var.
(I mangel på passande bilete ser me her Endre saman med tre ukjente som gav oss tillatelse å lunsje atmed benken deira.)
Acholi Inn har rykte på seg å vere det finaste hotellet i Gulu, markert med fem stjerner. Dette syns eg og Endre var litt pussig, etter nærare observasjon. Bygningane verka store og fine, men med ein kombinasjon av nytt interiør og gamle shabby møblar. Plastborda måtte ein flytte forsiktig på for at beina ikkje skulle dette av, og solsengene var hardt medtatt.
Sjølve badebassenget såg lovande ut, flislagt og innbydande blått. Me betalte for ein dags symjing og gjekk inn i garderobene. I jentegarderoba mangla det dører til dei to toalettbåsane (det hadde heller ikkje vore plass til noko dør). Døra ut til gangen hadde lås, men gjekk ikkje an å late att. Endre fekk dør til toalettet i si garderobe, men ikkje dusjforheng. Det var heldigvis lite folk som bada så tidleg på dagen, så me kunne styre oss sjølve.
Å ligge å plaske i eit kjølig basseng var heilt topp! Sjeldan har me hatt muligheit til å røme varmen når me ville, og etter kvart bad sat me å slappa av ved bassengkanten. Me bestilte lunsj etterkvart, egg og bacon til meg, snack-basket til Endre. Etter ei stund kom servitøren tilbake ein gong og sa dei ikkje hadde bacon. Eg kunne imidlertid ta ein club sandwich. Ein halvtimes tid etter Endre hadde bestilt kom han ruslande tilbake ein gong til. Snack-basket lot seg ikkje gjere, men Endre kunne og ta ein club sandwich. Den kom etter at me hadde delt min, og Endre hadde fått seg nok ein svømmetur.
Tilbake i garderoba måtte eg for å gjere mitt fornødne, og sat no der halvegs på utstilling då ei mor med to barn kom inn for å dusje. Sikkert ikkje ein spesielt uvanleg situasjon her, men det føltes litt rart.
Om ikkje Acholi Inn fortener 5 stjerner, skal dagen få terningkast 5, for det er luksus å kunne kjøle seg ned når ein vil!

I mangel på passande bilete: Her inne på kokekjøkenet var det i allefall varmt.. Acholi ordtak: "Ingen kvinner er gjestar, føl deg som heime og bli med og kok" (eller noko sånt).