Etiketter

Viser innlegg med etiketten Læraren Endre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Læraren Endre. Vis alle innlegg

onsdag 1. juni 2011

Motivasjon og lærarseminar

Skuleferien var over 23 mai, men eg var nok ein gong innlagt med kombinasjonen tyfoid og ekoli. Seige greier som tar tid å kome seg heilt til hektene av. Ein dag var eg innom skulen og fekk to lærarar til å korrekturlese nokre spelereglar eg hadde laga. Litt vanskeleg å skrive reglane detaljerte nok på eit språk som fungerer i den lokale lærarstaben, men det ser ut til at eg har lukkast ganske bra. Lærarane vil gjerne lese og prøve å skrive litt. Det er stor stas å prøve å finne bokstavane i namnet sitt og få det opp på skjermen. 

Ein elev testar eit spel på lærarrommet

I forrige veke hadde eg eit innlegg på to lærarseminar for tilsaman 90 lærarar der halvparten var rektorar. Innlegget tippa vel mot ein apell for praktisk matematikkundervisning, helst med bruk av spel. Tilhøyrarane blei riktig interessert når eg fortalde at eg hadde jobba på ein lokal skule sidan januar. Dei nikka når eg la fram desse utfordringane: overfylte klasserom, elevar som er redde matematikk og/eller har manglande grunnleggande forståing i faget. Eg skisserte gruppeorganisering og viste dei eit spel. Dette spelet spelte eg med 5. trinn i Otici, det er nemnt tidlegare i bloggen. Avrundingsvis gav eg nokre tips på kva konkretiseringsmatriell ein kan lage gratis eller svært rimeleg. Kunnskapsrik, kreativ og friendly var nokre av tilbakemeldingane eg fekk etterpå. 

Tida før ferien var prega av dårleg helse og laber motivasjon for min del. Det viser seg at eg har hatt forventningar om å spre pedagogiske metodar og idear. Skulen der eg jobbar er ikkje blitt særleg påverka av desse metodane og ideane eg har vist etter beste evne. Haldningar og undervisningstradisjonar er ikkje noko ein raskt kan forandre, eg veit jo det. Likevel har det vore ganske skuffande å merke at skulen ikkje kjem til å ha tydelege spor av min innsats. Det er berre å innsjå at desse forventningane ikkje innfrir på skulen. Innlegget på lærarseminara gjorde veldig godt i forhold til forventningane eg har hatt. Eg er ganske trygg på at eg fekk spreidd litt pedagogiske metodar og idear på desse seminara. 

På lærarseminaret var det ein lærar frå Teachers College. Han inviterte meg til undervise dei 450 studentane der. Skal ein endre haldningar er unge studentar eit godt utgangspunkt. Her kan eg påverke ein del trur eg. Eg gler meg veldig til dette og kryssar fingrane for at det ikkje glir ut i sanden slik mange avtalar gjer her omkring. I skrivande stund har eg ringt han fleire gongar for dagen i mange dagar utan å kome igjennom. No må eg nok stille opp i eigen person for å få kontakt.  

fredag 8. april 2011

Spel med historisk bakteppe



5. klasse i Otici skulle ha om desimaltal, så eg sette meg i det kreative hjørnet. Ein time etter hadde eg snekra ei historie om Okot Alex frå Gulu som blei desperat forelska i ei jente frå Kampala. Han reiste til jenta, men blei utsett for ei ulukke på vegen. Reisestrekninga blei delt inn i tidelar og hundredelar etterkvart som komplikasjonane dukka opp. Av og til fekk Okot sitte på med nokon ein del av vegen. Eg fortalde historia til elevane i karikert Hollywood-stil. Sjangeren slo an, dei fulgde godt med og klappa når Okot kom til Kampala. På tavla teikna eg ei tallinje frå Gulu (0,00) til Kampala (1,00) og demonstrerte etter beste evne korleis dei kunne få med seg alle hundredelane ute på bakken. Gruppevis gjekk dei laus på jorda med pinnar og steinar med vekslande hell. Nokre av dei kom på at det kunne gå lettare med kritt. Dei fekk ein terning kvar og måtte finne spelebrikker sjølv. Kvar spelar skulle trille to gongar, ein gong for tidelar og ein gong for hundredelar. Terningkasta viste kor langt Okot fekk sitte på med forbipasserande. Så var det berre å sjå kven som fekk Okot først til Kampala. Fem av seks grupper kom til Kampala, og fleire fekk gifta seg med jenta og reist tilbake igjen til Gulu. Dei spelte med iver og glede. Fleire mattelærarar kom og ville lære spelet. Etterpå viste eg lærarane Simon og William fleire titals variantar av tallinje spel. William kom sjølv på eit spel basert på deling. Her trur eg det kan bli ein god del speling framover. 


torsdag 7. april 2011

1500000 kort

William, viserektor på skulen i Otici, skulle ha matematikk i sjette klasse. Vi såg igjennom kofferten med undervisningsmatriell frå Apeltun skole og han plukka ut 10 kortstokkar. Der var det under 30 elevar, så overgangen frå 150 var enorm. Utruleg herleg å kunne rusle rundt og inn imellom elevar. Her kunne ein få oversikt over kva kven gjorde. Han starta med å legge saman to tal som blei nesten ein og ein halv million til saman. Elevane talde opp kort til einarar, tiarar og hundrarar, men så kom dei til kort. Eg foreslo å måle høgda på dei 500 korta vi stabla i ein stabel for så å la elevane gruppevis prøve å finne ut kor høg ein stabel med ein og ein halv million kort ville bli. Tanken min var at dei sikkert kunne trenge å få synleggjort kor stort dette talet faktisk var. Stabelen med 500 kort var 15 cm høg. Det virka ikkje som om elevane var vane med slike opne unøyaktige oppgåver, men dei kom etterkvart i gang og gav sine svar. Både elevar og lærarar blei høgst overraska då vi estimerte høgda til 450 meter! Vi gjekk ut og målte langs bakken for å vise denne lengda, men vi gav oss når vi hadde målt opp 100 meter. Alle var einige om at dette hadde blitt ein inponerande stabel med kort. Så kom det ei skikkeleg regnskur.

To gutar sklir rundt i gjørma etter den heimelaga ballen

onsdag 6. april 2011

Abakus

Simon skulle ha mattetime i tredjeklasse på skulen i Otici. Han skulle ha om abakus med tre desimalar. Vi blei einige om å ha timen i lag. Nokon konkret abakus hadde dei ikkje så eg ba ein elev frå 7. om å hente tre lange pinnar. Tellepinnar i buntar hadde eg fått 6. klassen til å lage dagen før, så eg fekk ein frå 6. til å hente desse. Her i landet er det vanleg å sende elevar til å gjere kva som helst for lærarar. Vask latrina. Kjøp lunch. Ber stolen. Hent vaskevatn. Då eg hadde fått på plass det lokalproduserte undervisningsmateriellet starta Simon timen. Han er flink å forklare, elevane strakk hals og fylgde interessert med. Vi plukka frivillige elevar til å halde ei hand rundt ein lang pinne for å representere perler på ein abakus. Når ein elev heldt ei hand rundt ein lang pinne, fekk han ein enkel tellepinne, ein tiarbunt, eller ein hundrarbunt i den andre handa for å vise kva verdi handa på abakusen representerte. Det var stor iver i den store stråhytta foreldre har sett opp i mangel på nok klasserom. Alle ville hjelpe til å representere forskjellige tal på denne abakusen. 



Etterpå fekk elevane nokre oppgåver der dei skulle skrive kva tal nokre abakusar representerte. Sjeldan har det vore så kjekt å rette elevbøker. Det fanst nesten ikkje feil mellom dei 70 elevane. Simon er strålande fornøgd og seier han vil bruke dette undervisningsmateriellet framover. 

fredag 25. mars 2011

Staffmeeting

I dag hadde eg eit innlegg på 35 minutt på stabmøtet. Eg snakka litt om fokus på forståing heller enn memorering, og stimulering av meir enn auge og øyre. Innlegget tok for seg idear heimefrå synkronisert med erfaringar herifrå og moment frå den lokale læreplanen. Gode greier om eg må sei det sjølv.

Apeltun, skulen eg jobbar på i Bergen, har gitt konkretiseringsmateriell til skulen i Gulu. Materiellet fekk ein gjennomgang med forslag til korleis dei forskjellige tinga kan nyttast. Det var kjekt å kunne vise metodar for terningspel og tallinjespel som fungerer om ein er lærar åleine med 150 elevar. Nøkkelen er faste grupper med faste og etterkvart drevne gruppeleiarar. Lærarane følte godt med og koste seg når eg fekk nokre av dei elste lærarane til å demonstrere terninsspel for 2. klasse.

No er settet med omlag 1800 småpinnar ferdig bunta i tiarbuntar, ti tiarbuntar er bunta til hundrarbunt, og ti hundrarbuntar er bunta til tusenbunt. Folk legg seg ikkje akkurat i selen for å kjappe seg, så det tok si tid å få buntane ferdigstilt. Endeleg kan dei brukast. Det er eit glimrande verktøy til addisjon og subtraksjon opp til 1800. Titalssystemet blir ein leik å demonstrere. I morgon kjem ein annan lærar til å gjere nytte av buntane i 2. klassen.

2 hunrarbuntar, og 5 enkle pinnar



Gruppene mine

Grupper mine har no operert i nokre veker. Når den lange skuledagen omsider er ferdig møter dei tapre gruppeleiarane opp for å rette arbeidet gruppemedlemmer deira har gjort i mine timar. Eg har tradisjonell tavleundervisning, men gir elevane god tid til å løyse mange oppgåver. Himmelhøge tårn av elevbøker som skal rettast etter kvar time skremmer ikkje meg. Andre lærarar på lærarrommet blir meir og meir interessert i metoden som deler rettetårnet i 13 kjekke små bunkar. Elevane mine får ofte gå ut i mine timar. Då evaluerer dei oppgåveløysinga frå forrige time styrt av gruppeleiarane, eller dei spelar spel. No spør dei straks eg kjem inn døra om dei får spele spel. Nokre gongar klappar dei når eg seier at dei skal ut i gruppene, utan å vite om det blir evaluering eller speling. Då kosar eg meg. 

Dei fleste gruppene fungerer greit, og nokre fungerer fantastisk godt. I dei vellukka gruppene har dei kome over haldninga til at kunnskap ikkje kan delast, og forklarar kvarandre det eine etter det andre. Sjølv dei mest infløkte tavleforklaringane mine blir forstått av samtlege gruppemedlemmar etter evalueringsøktene ute. Gruppeleiarane veks for kvar dag og haustar stor respekt frå medlemmane sine. Leiarane skryt stolt av kor mange som gjer oppgåvene dei skal, og greier å løyse dei. Desse gruppene er kjappe med å samle seg ute, og har stort utbytte av tida dei får tildelt. 


Når det er tid for speling er det stor stas. Det er latter, vifting med armar, roping og lange halsar. Engasjerte fingrar som helst vil hjelpe alle andre med å flytte spelebrikkene deira. 

Nokre grupper slit med å få halde fokuset på matematikk ute på fotballbana. For dei aller viltraste elevane blir det for fristande å springe rundt etter heimelaga ballar som har ein tendens til å dukke opp mellom urolege bein. Gruppeleiarane finn det vanskeleg å få samla gruppemedlemmane sine som forsvinn inn i andre grupper. Blir streifelevar oppdaga brukar dei gjerne "african time" slik at det kan ta ein halv time å forflytte seg til rett gruppe. Hadde eg kunna lokalspråket og forstått meir av elevkulturen ville eg truleg greidd å omrokkere på grupper og leiarar slik at fleire fungerte etter intensjonane.  



Hin dagen hadde eg eit møte med dei andre basisfaglærarane på trinnet der vi diskuterte korleis vi kunne bruke grupper i alle basisfag. Veldig motiverande for meg! Ideen er temmeleg revolusjonerande i ein skuletradisjon som er opptatt av å undervise etter faste malar i vanskelege kår, så eg er spent på om dette blir ein realitet. 



onsdag 16. februar 2011

Friminutt



I friminutta hoppar elevane slyngplante og spelar fotball med ein ball av heimesurra plastposar. Dei driv med akkurat det same som elevane heime. Inspeksjon eksisterer ikkje. Korleis elevane har det seg i mellom virkar ikkje å vere eit tema. Det ser ut til at dei trivast og har det fint. 

søndag 13. februar 2011

"Marking"

Etter kvar time rettar lærarane alt alle elevane har gjort. Dei set ei raud hake over arbeidet om det er rett. Etter ein dobbeltime i matematikk samla eg inn denne stabelen til "marking". 

Då eg hadde retta nokre timar, hadde eg ikkje kome særleg synleg ned i stabelen. Dei andre lærarane rista på hovudet då eg sa at eg hadde gitt 14 oppgåver. Lærarane løyser problemet med høge rettestablar ved å gje ferre oppgåver. Tre fire oppgåver meinte dei var passeleg i min klasse. Slik praksis fører til at lærarane driv med mykje tavleundervisning og lite individuelt arbeid. Gruppearbeid har eg ikkje høyrt om her. Alle lærarar eg har møtt driv på med slik  (i mine auge) overdriven retting. Også lærarar frå andre skular. Så langt ser det ut til at elevane ikkje får positive tilbakemeldingar frå skulen på andre måtar enn gjennom denne rettinga. Tanken på å endre praksisen virkar heilt fjern. Når eg snakkar med lærarar om å endre på denne praksisen får eg forbløffa reaksjonar. Eg kunne like gjerne foreslått å flytte all undervisning opp på taket på skulen. 
Skal eg lukkast med å endre på denne praksisen, må eg gå forsiktig fram. Greier eg å vise eit godt alternativ, trur eg andre lærarar kan revurdere praksisen. Når kun 5% av fjordårets 5. klasse stod på eksamen og fekk forstsette i sjette meiner eg dette vitnar om stor mangel på forståing. Etter ei lita prøve har eg valt ut 13 av dei flinkaste matematikkelevane. 

Desse 13 har eg samla fleire gongar for å lære dei korleis dei kan lede kvar si gruppe. Eg har tatt for meg motivasjon, meistringsforventning, meistringsoppleving, verdien av å forstå eit tema, og korleis ein bør oppføre seg som leiar. Tanken er at desse elevane skal fungere som leiarar i kollokviegrupper der elevane kan forklare kvarandre matematiske problem. Dersom ein gruppeleiar ikkje greier å forklare ein elev eit problem, skal gruppeleiaren ta eleven med til meg slik at eg kan prøve å forklare. 8. februar hadde vi samling frå fem til seks på kvelden. Dette tidsrommet var det einaste ledige på timeplanen dersom alle lærarar dukkar opp. Vi skal samlast kvar dag i dette tidsrommet framover. Eg brukte tida mi på å prøve å få kvar og ein av elevane til å forstå oppgåvene frå mattetimane tidlegare på dagen. Det verka som om dei aldri har opplevt at ein lærar tar seg tid til enkeltelevar på denne måten. Når eg gjekk rundt og forklarte, retta elevane oppgåvene til sine medelevar. 

No har gruppeleiarane begynt å forklare oppgåver til kvarandre. Mange av dei er flinke, men dei er veldig sjenerte. Om nokre veker vonar eg at desse elevane greier å hjelpe sine medelevar til å forstå det som foregår i undervisninga. 

lørdag 12. februar 2011

Lærar i Gulu

Barneskulen eg jobbar på har godt over 1000 elevar. Her er omlag 17 lærar. Det er litt vanskeleg å slå fast nøyaktig då lærarar som blir forflytta vanlegvis ikkje dukkar opp før ut i andre veka. Lærarstaben arbeider under harde kår med løn ein ikkje kan leve av. Likevel virkar det som om dei fleste trivst godt. I lunsjen kosar vi oss med maisstappe og bønner. Lærarar skal visst nok stille opp 0730, men eg har vore nummer ein, to eller tre klokka åtte heile veka. Resten kjem dinglande og er stor sett på plass til ni. Om ein klasse blir sitjande åleine utan ein lærar i ein times tid, er ikkje det noko heft. Kjem elevane for seint til oppmøte klokka åtte, får dei oppgåver som å slå graset. Eg finn ikkje heilt roa i kroppen når ein flokk med ungar svingar med reiskapane så jorda sprutar. 


Så langt har eg fått omlag130 elevar i klassen min, men dei seier talet kjem til å stige over helga. African time strekk seg gjerne ei veke etter skulestart. Eg skal undervise denne 6. klassen i matematikk. 5% av fjordårets 5. klasse stod på matematikkeksamen og fekk fortsette i min 6. klasse. Dei som strauk må gå om att 5. klasse. Restan av årets 6. klasse går om att etter at dei strauk i fjor. 
Elevane sit så tett at det tar eit halvt minutt å forflytte seg fire meter nedover den breiaste opne gangen mellom benkane. Ein kan ikkje forflytte seg mellom elevane om ein vil at dei skal fylgje med. Ein lærar har veldig god kontroll på klassen, men eg har sett andre slite litt meir. Blir det for mykje uro blir ein elev sendt for å finne ein pinne. Har ein bråkmakar utpeikt seg får han "one or two cups of tea". Uttrykket pyntar godt på praksisen med fysisk disiplinering. Ute på plassen trekk elevane seg vekk frå høgrøsta lærarar slik strandreker skvett tilbake når ein stikk ein finger i vatnet. 
Lærarane her er verkeleg gode til å få elevane til å følge med. Dei skriv flittig på tavla medan elevane les høgt eller svarar på spørsmål i kor. Det går sjeldan meir enn eit minutt mellom kvar gong elevane må sei noko. Handsopprekking er også mykje brukt. All undervisning skal gå på engelsk etter fjerdeklasse. I videoklippet  nedanfor seier elevane: "Find the product of the value of five and the value of three in the number 65213." 

Som du høyrer er den afrikanske aksangen ikkje akkurat anonym. Elevane forstår ikkje så godt engelsk og slit med min aksang. Heldigvis er eg ikkje like utydeleg og vanskeleg som amerikanarane, seier lærarane. Vonar komunikasjonen glir lettare etter kvart.