Dersom du er ein slektning eller ein god ven som har lett for å uroe seg, kan du tenkje på at eg snart er heilt bra igjen frå det du kan lese om nedanfor.
Magen kjennes ut som om den er sprengfull av noko som gneg han opp frå innnsida. Rett og slett veldig ildt. Med dopapir i handa kjem eg meg ut av stråhytta og går stien bort til latrina til lærarane i Otici. Den er sett opp av resirkulert materiale med dører av plastkanner og hengsler av sykkelkjede. Stråtaket er litt glissent, men dei fleste gliper er lappa saman med spindelvev. Jordholdet er heldig vis slitt, så holet er større enn normalt. Det kjem godt med når trykket er så høgt som no. Femti blåsvarte floger skvett rundt når eg let det stå til.
Flogene blir forstyrra tre gongar til. Åt eg litt for mykje rotte i går kveld? Spørsmålet heng ikkje lenge i lufta då eg får eit kar mellom hendene i siste liten. Grace, læraren i førsteklasse, hastar inn slik at litt fleire enn Anne kan vere sykisk støtte når slevet dinglar mellom støyta. Sjølv hadde eg helst krølla meg saman bak ei låst dør, men her er privatliv oppskrytt. Særleg om ein er sjuk. Det står dårleg til. Temperaturen stig, magen jamrar og musklane rykker ukontrollert. Veske og føde held seg ikkje der det skal men flyktar snart i begge retningar. Eg får mange gode tilbod om tablettar frå ein lokal drug shop som fjernar magesmerter og hindrar avføring i ei veke. Kvit og søkkrik med ubegrensa medisinsk dekning i reiseforsikringa, har eg meir lyst å kome meg til eit sivilisert helsetilbod. Vår mann Noah i Lions Aid Norway sender straks ein bil. Lærarane i Otici ser ytterst urolege og triste ut når eg stavrar inn i bilen godt støtta av William. Ein gjest skal helst reise heim synleg større av god mat i denne kulturen. Den skrinne sunnfjordingen gjer skam på vertskapet med denne vaklevorne retretten. På mystisk vis greier eg å halde tett både oppe og nede gjennom heile bilturen trass terrenget. Ein og ein halv time med risting og humping. Dei siste 50 meterane var asfalterte.
Litt seinare sit eg med føtene i ein dam av vassent spy på det flottaste privatrommet ein kan få på eit sjukehus i Gulu. Ein liten halvtime etter kjem det nokon og tørkar opp. Her er TV og kjøleskap, men underhaldninga blir ei oljelampe då straumen har gått. Agregatet går, men det store agregatet er ute av drift, så dei greier berre å gje straum til dei mest sentrale delar av sjukehuset. Straumen i Gulu er gått omlag ein tredjedel av tida, så eg blir overraska då neonrøyra blinkar seinare på kvelden. Det er ikkje måte på kor godt eg blir passa på her. I løpet av eit døgn har det kome nokon inn døra rundt 40 gonar. Dei skal vaske litt, kjem med dopapir, kjem med stearinlys, kjem med fyrstikker, lurer på om det går bra, lurer på om det går fint, skal sette ein kanyle, skal gje meg 500 ml intravenøs veske, skal gje meg intravenøs antibiotika, lurer på om det går bra, skal gje meg intravenøst sukker, skal sette ein ny kanyle, lurer på kvifor eg har slike rykningar, skal vaske litt på golvet, skal vaske doen, kjem med besøk, tar blodtrykk, tar temperaturen, tar pulsen og spør korleis det går. Ein av dei fire legane som er innom meiner eg har tyfoidfeber. Etter nokre timar er kroppen riktig så kjekk, berre litt slakk etter ein strabasiøs dag.
Sjølv om eg ikkje har sagt til nokon at eg er innlagt, finn folk ut av det og kjem på besøk. Sjåføren som køyrde oss til sjukehuset frå Otici kjem innom dagen etter. Vi har jo sete på med han to gongar, så det blir naturleg for han å ta ein tur. Fin kultur slik. Margaret frå Otici kjem på besøk og Husfar med sønene kjem to gongar. Det er hyggeleg. Ein er aldri åleine i dette landet. Særleg ikkje om ein er sjuk.
I slutten av februar var eg også innlagt på dette sjukehuset. Symptoma var liknande, men ikkje like kraftige. Då takka eg ja til eit fellesrom, eg tenkte at eg ikkje skulle ha eit einerom berre fordi eg var kvit. Dei ville ha avføringsprøve og sendte meg til toalettet. Der fann eg eit badekar, og blei oppriktig forbløffa. Noko slikt trur eg ikkje det finst mange eksemplar av her omkring. Før eg sette meg til såg eg at der ikkje var noko såpe. Sjukepleiarane på vakt såg dumt på meg då eg presiserte at eg skulle levere avføringsprøve og spurde etter såpe. Såpe hadde dei ikkje, sa dei. Denne gongen tok eg ikkje eit nei for eit nei, og etterkvart fekk eg låne eit såpestykke den eldste sjukepleiaren hadde i lomma. Eg var godt fornøgd med eigen innsats i kampen for hygiene.
Alle pasientar blei tatt godt hand om av ei familiær kvinne natt og dag. Dei rulla ut ei matte kvar og la seg mellom pasientsengene. Perifer familie og meir eller mindre kjente vener kom innom med mat og drikke. Ein mann i hjørnet låg og stønna heile natta. Fellesrommet var ikkje akkurat stille og fredeleg, så eg angra ikkje på at eg gjekk opp nokre hakk i standarden i mitt andre besøk til dette sjukehuset.