5. klasse i Otici skulle ha om desimaltal, så eg sette meg i det kreative hjørnet. Ein time etter hadde eg snekra ei historie om Okot Alex frå Gulu som blei desperat forelska i ei jente frå Kampala. Han reiste til jenta, men blei utsett for ei ulukke på vegen. Reisestrekninga blei delt inn i tidelar og hundredelar etterkvart som komplikasjonane dukka opp. Av og til fekk Okot sitte på med nokon ein del av vegen. Eg fortalde historia til elevane i karikert Hollywood-stil. Sjangeren slo an, dei fulgde godt med og klappa når Okot kom til Kampala. På tavla teikna eg ei tallinje frå Gulu (0,00) til Kampala (1,00) og demonstrerte etter beste evne korleis dei kunne få med seg alle hundredelane ute på bakken. Gruppevis gjekk dei laus på jorda med pinnar og steinar med vekslande hell. Nokre av dei kom på at det kunne gå lettare med kritt. Dei fekk ein terning kvar og måtte finne spelebrikker sjølv. Kvar spelar skulle trille to gongar, ein gong for tidelar og ein gong for hundredelar. Terningkasta viste kor langt Okot fekk sitte på med forbipasserande. Så var det berre å sjå kven som fekk Okot først til Kampala. Fem av seks grupper kom til Kampala, og fleire fekk gifta seg med jenta og reist tilbake igjen til Gulu. Dei spelte med iver og glede. Fleire mattelærarar kom og ville lære spelet. Etterpå viste eg lærarane Simon og William fleire titals variantar av tallinje spel. William kom sjølv på eit spel basert på deling. Her trur eg det kan bli ein god del speling framover.
Så gøy!
SvarSlett