Etiketter

onsdag 6. april 2011

Abakus

Simon skulle ha mattetime i tredjeklasse på skulen i Otici. Han skulle ha om abakus med tre desimalar. Vi blei einige om å ha timen i lag. Nokon konkret abakus hadde dei ikkje så eg ba ein elev frå 7. om å hente tre lange pinnar. Tellepinnar i buntar hadde eg fått 6. klassen til å lage dagen før, så eg fekk ein frå 6. til å hente desse. Her i landet er det vanleg å sende elevar til å gjere kva som helst for lærarar. Vask latrina. Kjøp lunch. Ber stolen. Hent vaskevatn. Då eg hadde fått på plass det lokalproduserte undervisningsmateriellet starta Simon timen. Han er flink å forklare, elevane strakk hals og fylgde interessert med. Vi plukka frivillige elevar til å halde ei hand rundt ein lang pinne for å representere perler på ein abakus. Når ein elev heldt ei hand rundt ein lang pinne, fekk han ein enkel tellepinne, ein tiarbunt, eller ein hundrarbunt i den andre handa for å vise kva verdi handa på abakusen representerte. Det var stor iver i den store stråhytta foreldre har sett opp i mangel på nok klasserom. Alle ville hjelpe til å representere forskjellige tal på denne abakusen. 



Etterpå fekk elevane nokre oppgåver der dei skulle skrive kva tal nokre abakusar representerte. Sjeldan har det vore så kjekt å rette elevbøker. Det fanst nesten ikkje feil mellom dei 70 elevane. Simon er strålande fornøgd og seier han vil bruke dette undervisningsmateriellet framover. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar