Etiketter

torsdag 7. april 2011

1500000 kort

William, viserektor på skulen i Otici, skulle ha matematikk i sjette klasse. Vi såg igjennom kofferten med undervisningsmatriell frå Apeltun skole og han plukka ut 10 kortstokkar. Der var det under 30 elevar, så overgangen frå 150 var enorm. Utruleg herleg å kunne rusle rundt og inn imellom elevar. Her kunne ein få oversikt over kva kven gjorde. Han starta med å legge saman to tal som blei nesten ein og ein halv million til saman. Elevane talde opp kort til einarar, tiarar og hundrarar, men så kom dei til kort. Eg foreslo å måle høgda på dei 500 korta vi stabla i ein stabel for så å la elevane gruppevis prøve å finne ut kor høg ein stabel med ein og ein halv million kort ville bli. Tanken min var at dei sikkert kunne trenge å få synleggjort kor stort dette talet faktisk var. Stabelen med 500 kort var 15 cm høg. Det virka ikkje som om elevane var vane med slike opne unøyaktige oppgåver, men dei kom etterkvart i gang og gav sine svar. Både elevar og lærarar blei høgst overraska då vi estimerte høgda til 450 meter! Vi gjekk ut og målte langs bakken for å vise denne lengda, men vi gav oss når vi hadde målt opp 100 meter. Alle var einige om at dette hadde blitt ein inponerande stabel med kort. Så kom det ei skikkeleg regnskur.

To gutar sklir rundt i gjørma etter den heimelaga ballen

onsdag 6. april 2011

Abakus

Simon skulle ha mattetime i tredjeklasse på skulen i Otici. Han skulle ha om abakus med tre desimalar. Vi blei einige om å ha timen i lag. Nokon konkret abakus hadde dei ikkje så eg ba ein elev frå 7. om å hente tre lange pinnar. Tellepinnar i buntar hadde eg fått 6. klassen til å lage dagen før, så eg fekk ein frå 6. til å hente desse. Her i landet er det vanleg å sende elevar til å gjere kva som helst for lærarar. Vask latrina. Kjøp lunch. Ber stolen. Hent vaskevatn. Då eg hadde fått på plass det lokalproduserte undervisningsmateriellet starta Simon timen. Han er flink å forklare, elevane strakk hals og fylgde interessert med. Vi plukka frivillige elevar til å halde ei hand rundt ein lang pinne for å representere perler på ein abakus. Når ein elev heldt ei hand rundt ein lang pinne, fekk han ein enkel tellepinne, ein tiarbunt, eller ein hundrarbunt i den andre handa for å vise kva verdi handa på abakusen representerte. Det var stor iver i den store stråhytta foreldre har sett opp i mangel på nok klasserom. Alle ville hjelpe til å representere forskjellige tal på denne abakusen. 



Etterpå fekk elevane nokre oppgåver der dei skulle skrive kva tal nokre abakusar representerte. Sjeldan har det vore så kjekt å rette elevbøker. Det fanst nesten ikkje feil mellom dei 70 elevane. Simon er strålande fornøgd og seier han vil bruke dette undervisningsmateriellet framover. 

lørdag 26. mars 2011

Ynskjet

I dag tidleg vakna eg av ein lyd så stille at eg lurte på om lyden var der. Ein flortynn og kviskrande lyd. Var det lyden av ein herleg dag? Lyden av ein dag heilt utan strev? Var det lyden av noko som kan ta frå meg ei byrde som har tynga kropp og sinn i fleire månader? Eller var det berre lyden av vinden som leika med bananpalmane til naboen?

Eg stabla den tunge kroppen ut av senga og kjente trøyttleiken etter ei alt for varm natt. Dei store grøne bananpalmeblada bar lovnaden om at det store ynskjet var oppfylt.

Svale perler dropla frå himmelen og trilla nedover blada. Regn. Forsiktig regn. Dråpane ligg berre ei lita stund før dei fordampar frå bakken, men det kjem fleire. Bakken blir fuktig. Regn som kjølar lufta og den raude jorda. Regn som lettar ein kropp sleten av for mykje varme. Regn som let tankane gli gjennom eit lett og friskt hovud.


Det blei ikkje meir enn litt forsiktig regn, men skyene heldt heile dagen. Folk tok på seg jakke og klaga over at det var kaldt. Eg gjekk og smilte i shorts og t-skjorte og syntest temperaturen var heilt passeleg. Digg. For første gong drakk eg ein kopp med te på skulen i te-pausen. I sekstida kom det mykje torden og skyene såg temmeleg truanda (eller lovande) ut. Ein kald vind som lukta regn ruska i trea og blåste vekk heile regnet før det datt ned. Det var like før. Regnet er nære no, seier folk. Yr og forsiktig regn er ikkje nok til å trenge gjennom den tørre jorda ned til røtene. Frukttrea har venta lenge på regnet no. Det virkar nesten som om dei står og held pusten før dei kan la fruktene modne. Far i huset seier det kjem til å bli matmangel i juni. Dei aller fleste har ein åkerlapp og er adnige etter å få dyrka maten sin slik at den kan haustast snarast råd.

fredag 25. mars 2011

Første sjølvkomponerte middag

Vi gjekk til markedet for å handle inn til vår første sjølvkomponerte middag. Tomatar, aubergine, raudlauk blei menyen. Då vi fekk auge på ei dame som gjekk rundt og selde (noko som liknar på pannekaker), hasta vi etter i håp om å få stilt den verste svolten før ein kom i gang med kokkeleringa. Ho gjekk heilt bort til alle damene som selde kassava før vi fekk tak i ho. Kassava er nokre svere røter ein kan ete. Ei dame meinte Anne skulle kjøpe kassava og skar av ein skrella smakebit. Det smakte felt, men damene insisterte på at dette var gode saker. Vi kom fram til at vi kunnne kjøpe litt kassava sidan dei smakar greit når dei er kokt. Damene hadde lagt den eine digre rota etter den andre i grupper på tre eller fire. Dei pleier å grupere salgsvarene sine i priskategoriar. Vi lurte litt på om vi måtte kjøpe tre-fire, eller om vi kunne sleppe i frå det med ei rot. Anne såg mot meg, slo armane spørjande ut til sidene, og sa "korsn gjer vi det her?" Heile kassavakroken lo seg skakk forderva av Anne sitt velutvikla kroppsspråk. Det spelte ingen rolle at ho snakka på norsk; dei skjønte at me ikkje hadde tilberedt kassava før.

På vegen ut av markedet fekk vi med oss ein nysmidd kvass kniv med eit blad som ein spydspiss. Kniven kosta ei krone og 25 øre. Same pris som to tomatar i tørketida. Heime igjen fekk vi til middagen utan problem og var godt nøgd. Vi ofra ein liten pose pepper frå Turkish Airlines og koste oss som berre det. Anne slapp i frå heile middagen utan småstein, men eg knuste ein med jekslane så det vi hørte ekko i den tomme leiligheita vår. Småstein finn ein i mjølbakst, ris, posho (maisstappe), generelt i mat som har mindre einingar enn erter. 

Inn i hovudhuset

Fram til no har Anne budd på eit rom på under fire kvadratmeter. Rommet har eit glas ut til ein gang som blir oppvarma i kveldssola. Eg har budd i ei sval stråhytte  med ein yngre bror av husmor. No har vi avansert! Familien som leigde halve huset har flytta ut, og vi har fått leige denne delen. Diger stove, to soverom og kjøkken. Det vi har av møblar er den smale senga eg kjøpte då Anne flytta inn i dette huset. Her er betonggolv og betongveggar med mykje ekko. For at Anne skulle "feel at home" har husfar vore veldig grei og kjøpt nokre møblar til oss. Han har bete seg merke i Anne sitt behov for ein arbeidsplass og sa om bordet han kjøpte: "Here Ann can even work on her computer until you get something else!"





Hytter med grastak


Folk flest bur i runde hytter med grastak. Veggane er bygd av heimebrent murstein og gjørme. Grastaket må bytast ut etter 2-5 år avhengig av grastypen. Når taket byrjar å leke vatn skjønar ein at det er på høg tid.


"For nokre veker sidan fekk eg (Endre) litt problemer med å sove då det kom ei kraftig byge. Det varte ikkje lenge før drypelydane kom tett i den mørke hytta. Då madrassa vart våt på venstre sida stod eg opp for å sjekke om det gjekk an å flytte senga til ein tørrare stad. Etter kjapp sondering på barfoten måtte eg berre legge seg i senga der den stod. Heldigvis varte ikkje byga så lenge, så ei stripe i midten av senga heldt seg tørr."
Sidan den gong har me sett fuglar flyge inn og ut av taket, og husfar har snakka om at han må byte ut graset i lengre tid. Denne helga kom derfor seks-sju mann til compounden for å hjelpe til. Dei var anten i familie eller frå kyrkja. Det som er veldig tiltalande ved kulturen her er at dei legg ikkje noko i mellom for å hjelpe kvarandre. Så vidt me veit er einaste betalinga dei får eit godt måltid med kjøt (som ikkje er til å kimse av forresten). Her er nokre bilete frå prosessen:

Musejakt





Staffmeeting

I dag hadde eg eit innlegg på 35 minutt på stabmøtet. Eg snakka litt om fokus på forståing heller enn memorering, og stimulering av meir enn auge og øyre. Innlegget tok for seg idear heimefrå synkronisert med erfaringar herifrå og moment frå den lokale læreplanen. Gode greier om eg må sei det sjølv.

Apeltun, skulen eg jobbar på i Bergen, har gitt konkretiseringsmateriell til skulen i Gulu. Materiellet fekk ein gjennomgang med forslag til korleis dei forskjellige tinga kan nyttast. Det var kjekt å kunne vise metodar for terningspel og tallinjespel som fungerer om ein er lærar åleine med 150 elevar. Nøkkelen er faste grupper med faste og etterkvart drevne gruppeleiarar. Lærarane følte godt med og koste seg når eg fekk nokre av dei elste lærarane til å demonstrere terninsspel for 2. klasse.

No er settet med omlag 1800 småpinnar ferdig bunta i tiarbuntar, ti tiarbuntar er bunta til hundrarbunt, og ti hundrarbuntar er bunta til tusenbunt. Folk legg seg ikkje akkurat i selen for å kjappe seg, så det tok si tid å få buntane ferdigstilt. Endeleg kan dei brukast. Det er eit glimrande verktøy til addisjon og subtraksjon opp til 1800. Titalssystemet blir ein leik å demonstrere. I morgon kjem ein annan lærar til å gjere nytte av buntane i 2. klassen.

2 hunrarbuntar, og 5 enkle pinnar