Etiketter

søndag 13. februar 2011

"Marking"

Etter kvar time rettar lærarane alt alle elevane har gjort. Dei set ei raud hake over arbeidet om det er rett. Etter ein dobbeltime i matematikk samla eg inn denne stabelen til "marking". 

Då eg hadde retta nokre timar, hadde eg ikkje kome særleg synleg ned i stabelen. Dei andre lærarane rista på hovudet då eg sa at eg hadde gitt 14 oppgåver. Lærarane løyser problemet med høge rettestablar ved å gje ferre oppgåver. Tre fire oppgåver meinte dei var passeleg i min klasse. Slik praksis fører til at lærarane driv med mykje tavleundervisning og lite individuelt arbeid. Gruppearbeid har eg ikkje høyrt om her. Alle lærarar eg har møtt driv på med slik  (i mine auge) overdriven retting. Også lærarar frå andre skular. Så langt ser det ut til at elevane ikkje får positive tilbakemeldingar frå skulen på andre måtar enn gjennom denne rettinga. Tanken på å endre praksisen virkar heilt fjern. Når eg snakkar med lærarar om å endre på denne praksisen får eg forbløffa reaksjonar. Eg kunne like gjerne foreslått å flytte all undervisning opp på taket på skulen. 
Skal eg lukkast med å endre på denne praksisen, må eg gå forsiktig fram. Greier eg å vise eit godt alternativ, trur eg andre lærarar kan revurdere praksisen. Når kun 5% av fjordårets 5. klasse stod på eksamen og fekk forstsette i sjette meiner eg dette vitnar om stor mangel på forståing. Etter ei lita prøve har eg valt ut 13 av dei flinkaste matematikkelevane. 

Desse 13 har eg samla fleire gongar for å lære dei korleis dei kan lede kvar si gruppe. Eg har tatt for meg motivasjon, meistringsforventning, meistringsoppleving, verdien av å forstå eit tema, og korleis ein bør oppføre seg som leiar. Tanken er at desse elevane skal fungere som leiarar i kollokviegrupper der elevane kan forklare kvarandre matematiske problem. Dersom ein gruppeleiar ikkje greier å forklare ein elev eit problem, skal gruppeleiaren ta eleven med til meg slik at eg kan prøve å forklare. 8. februar hadde vi samling frå fem til seks på kvelden. Dette tidsrommet var det einaste ledige på timeplanen dersom alle lærarar dukkar opp. Vi skal samlast kvar dag i dette tidsrommet framover. Eg brukte tida mi på å prøve å få kvar og ein av elevane til å forstå oppgåvene frå mattetimane tidlegare på dagen. Det verka som om dei aldri har opplevt at ein lærar tar seg tid til enkeltelevar på denne måten. Når eg gjekk rundt og forklarte, retta elevane oppgåvene til sine medelevar. 

No har gruppeleiarane begynt å forklare oppgåver til kvarandre. Mange av dei er flinke, men dei er veldig sjenerte. Om nokre veker vonar eg at desse elevane greier å hjelpe sine medelevar til å forstå det som foregår i undervisninga. 

3 kommentarer:

  1. So spennande! Heilt andre undervisingmetodar enn kva vi er vande med.. Kjekt om det vil vere utviklande for både elevleiarane i kollokviegruppene og dei andre elevane :D
    Flott at du tek initiativ til å gjere det på ein annan måte enn dei andre! Det krever ein del mot og tru på seg sjølv!

    SvarSlett
  2. Dette hørtes kjempespennende ut, Endre. Lykke til!

    SvarSlett
  3. Du er nokså fantastisk! Heia heia.

    SvarSlett