Etiketter

lørdag 12. februar 2011

Lærar i Gulu

Barneskulen eg jobbar på har godt over 1000 elevar. Her er omlag 17 lærar. Det er litt vanskeleg å slå fast nøyaktig då lærarar som blir forflytta vanlegvis ikkje dukkar opp før ut i andre veka. Lærarstaben arbeider under harde kår med løn ein ikkje kan leve av. Likevel virkar det som om dei fleste trivst godt. I lunsjen kosar vi oss med maisstappe og bønner. Lærarar skal visst nok stille opp 0730, men eg har vore nummer ein, to eller tre klokka åtte heile veka. Resten kjem dinglande og er stor sett på plass til ni. Om ein klasse blir sitjande åleine utan ein lærar i ein times tid, er ikkje det noko heft. Kjem elevane for seint til oppmøte klokka åtte, får dei oppgåver som å slå graset. Eg finn ikkje heilt roa i kroppen når ein flokk med ungar svingar med reiskapane så jorda sprutar. 


Så langt har eg fått omlag130 elevar i klassen min, men dei seier talet kjem til å stige over helga. African time strekk seg gjerne ei veke etter skulestart. Eg skal undervise denne 6. klassen i matematikk. 5% av fjordårets 5. klasse stod på matematikkeksamen og fekk fortsette i min 6. klasse. Dei som strauk må gå om att 5. klasse. Restan av årets 6. klasse går om att etter at dei strauk i fjor. 
Elevane sit så tett at det tar eit halvt minutt å forflytte seg fire meter nedover den breiaste opne gangen mellom benkane. Ein kan ikkje forflytte seg mellom elevane om ein vil at dei skal fylgje med. Ein lærar har veldig god kontroll på klassen, men eg har sett andre slite litt meir. Blir det for mykje uro blir ein elev sendt for å finne ein pinne. Har ein bråkmakar utpeikt seg får han "one or two cups of tea". Uttrykket pyntar godt på praksisen med fysisk disiplinering. Ute på plassen trekk elevane seg vekk frå høgrøsta lærarar slik strandreker skvett tilbake når ein stikk ein finger i vatnet. 
Lærarane her er verkeleg gode til å få elevane til å følge med. Dei skriv flittig på tavla medan elevane les høgt eller svarar på spørsmål i kor. Det går sjeldan meir enn eit minutt mellom kvar gong elevane må sei noko. Handsopprekking er også mykje brukt. All undervisning skal gå på engelsk etter fjerdeklasse. I videoklippet  nedanfor seier elevane: "Find the product of the value of five and the value of three in the number 65213." 

Som du høyrer er den afrikanske aksangen ikkje akkurat anonym. Elevane forstår ikkje så godt engelsk og slit med min aksang. Heldigvis er eg ikkje like utydeleg og vanskeleg som amerikanarane, seier lærarane. Vonar komunikasjonen glir lettare etter kvart. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar