Første måltidet er "tea", som skildrar den viktigaste komponenten på menyen. Det er mykje energi i tre skeier sukker, varmt vatn og ei teskjei teblad må vete. Attåt blir det servert anten steikte "groundnuts" (peaneter) og soyabønner, bollar eller loffskiver. Loff er eksklusivt. På loffskivene får ein av og til odi (peanøttsmør) men stort sett tek me dei utan. Ein sjeldan gong får me casava, ei rotfrukt som liknar på poteter. Både eg og Endre stussa litt over at dei drikk varm drykk i eit ellers varmt ver. Endre har gjort opprør og tek stort sett kaldt vatn i staden. Eg har blitt merkeleg glad i søtdrikken som kompensasjon for ein ellers godteri-fri diett.
Endre nyt ein varm lunsj
"Tea" vert servert mellom 7 og 7.30, og det neste måltidet er lunsj rundt 13.30 (visst me er heldige: det er ikkje alltid lett å vete når det er mat). No er me stort sett SVOLTNE, så det er fint at lunsjen er tilnærma lik ein middag. For folk her blir ikkje dagen den same utan varm lunsj, og niste veit dei ikkje kva er. Ofte får me servert bønner i saus med posho (maisbrød) til. Ellers kan ein variere med erter i staden for bønner, og poteter eller casava i staden for posho. No er det om og gjere å fylle godt opp, for "supper" er ofte ikkje klar før 8.30 om kvelden.
Bønner er godt! (Endre protesterar; det kan bli nok)
"Supper" tilsvarar vår middag, og kan bestå av ein rekke rettar. Standardrettar er bønner, posho og "greens". "Greens" er blad som dei lagar ei stappe av. Truleg svært sunt, og ikkje så verst på smak. Av og til får me servert biff i ein god kjøttsaus. Biffen kjem med beina på, og et er bra å halde i noko når kjøtet er litt seigt. Det er nok ikkje så lett å mørne kjøt i denne varmen. Fisk er også ein vanleg rett, som også kjem med bein på i tillegg til hud og hår. Endre fekk servert fiskehaudet første gong me fekk fisk, og lurte på om han kunne byte. Dei andre ville gjerne ha det, for augene skal vere gode. Ein rett som eg er begeistra for er hodekål, steikt i tynne strimlar med løk og olje. Det er snadder.
Biff. Her må biff småkokast i fleire timar for å mørne litt.
Høy og søtpotet
Husmor skjer kjøtet
Ein dag fekk me eitt nytt familiemedlem til gards. Det var ein hane-kylling. Han hadde knebla føter fordi han ikkje skulle stikke av. Han skulle helst ikkje stikke av fordi han var kveldsmaten denne dagen. Eg vart spurt om eg hadde slakta kylling før og om eg ville ta denne. Eg gremja meg ved tanken og dei såg nok på kroppsspråket at eg ikkje var gira. Eg kunne bli med å strippe den for fjør etterpå. Hyttekameraten til Endre skar over strupa på kyllingen og blodet rann. Eg sukka letta; "Now its dead". Men det var den ikkje meinte dei, den sprella fortsatt. Slaktaren knakk so nakken, men den ville visst ikkje gje seg og "døde" ikkje før lenge etterpå i følgje dei.
Jentene er vane med å slakte
Her er nokre representative bilete frå marknaden som viser kva me har på menyen:
Så spennande dåkke he det! Absolutt ein diett som ikkje er så vanleg i min heim, men ein vand med det meste kan eg tenkje meg :) Kjekt å få sjå kva dåkke driv med !
Klem!
PS: Er det kun hos meg at videosnuttane ikkje fungerar?
Ja, flotte bilde! Hehe, videosnuttane funka visst bære same dagen. Mej ska få en konto på youtube for at dei ska bli vist... Takk for tilbakemeldinga! Tenke på, og sakna venna og familie i heimlandet! Anne
Artig med marked!
SvarSlettHva kallere dere den maismassen på bildet der Endre spiser lunsj?
Den tørka fisken heter Tilapia.
Så spennande dåkke he det! Absolutt ein diett som ikkje er så vanleg i min heim, men ein vand med det meste kan eg tenkje meg :) Kjekt å få sjå kva dåkke driv med !
SvarSlettKlem!
PS: Er det kun hos meg at videosnuttane ikkje fungerar?
Nei, ej fekk heller ikkje sett videoane.. Men heldivis e d so månge flotte bilde å sjå på :D
SvarSlettJa, flotte bilde! Hehe, videosnuttane funka visst bære same dagen. Mej ska få en konto på youtube for at dei ska bli vist... Takk for tilbakemeldinga! Tenke på, og sakna venna og familie i heimlandet! Anne
SvarSlettEinar: maismassen kallar dei "posho". Har du erfaring? Anne
SvarSlettSavna dej mæ Anne! No fungerte filmane fint. Va morosamt å sjå live footage og i tillegg høre dej i bakgrunnen :) Kos ^^
SvarSlett