onsdag 12. januar 2011
Istanbul
Mellomlandinga i Istanbul skulle vare i 8 timar, men blei utvida til 28. Etter nokre sinte mailar skulle vi få gratis hotell og alt i orden, det var berre å stille opp i luka til Turkey Arlines. Etter mykje venting i "køanarki" og ein humpete, trang og varig busstur, blei vi overvelda då vi kom inn i eit staseleg hotell med vakker kunst på veggane og rokokokkomøblar. Vi hadde førebudd oss på noko ganske så sjuskete langt frå alt av interesse. Resepsjonisten blei forbløffa då vi spurde om det var noko å sjå i nærleiken, han sa vi skulle berre gå opp bakken. Tidlegare hadde vi fått forklart at vi var langt utanfor sentrum, men det viste seg at det tok 10 min å gå til Sultanahmet (den Blå Moskeen) og Haga Sofia. Etter ein god frukost med tyrkiske ostar, gjekk vi inn i dei storslagne gudshusa med ein guide som etter 12 minutt insisterte på å bli bestefaren til Anne sine komande tvillingar. Han forklarte at alle som tok borti ei diger krukke av heil marmor ville få tvillingar. Til spesielt interesserte kan vi nemne at Haga Sofia blei bygd på 4 år, 10 månader og 4 dagar av 10 000 slavar og 1000 ingeniørar (eller var det 100 han sa? Nei han sa nok 1000). Først var det ei kyrkje, så blei det ein moske og no er det eit museum. Veggane var pryda av mosaikk og symmetrisk marmor. Kvar ein stein var ei fryd for auge om den låg i golvet eller støtta opp den 56 meter høge domen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar