Slik det ser ut no har ein desse alternativa om ein vil vaske kroppen:
1. "Take a bath" betyr å "splashe" med vatn frå eit kar. Jentene i husstanden ser til at det står klart oppvarma vatn. Dette er det desidert mest brukte alternativet ingen her ser ut til å finne verdige konkurrentar til.
2. Muslimar pleier å helle vatn over seg frå ei kanne.
3. Ein kan dusje i kaldt vatn. Fleire velståande har dusj, men eg har enno ikkje møtt nokon her ifrå som brukar slikt. Eg for min del ser på dette alternativet med forventning og glede når sola står rett over hovudet. Sjølv om ein tar kalddusjen etter at sola går ned kan ein ta seg god tid utan å fryse.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar