No er vi på plass hos vertsfamilien vår i eit landsbyliknande strøk 40 min gange frå Gulu sentrum, den største byen nord i Uganda. Far i huset er prest i ei kyrkje, men har også ein jobb der han styrar utdanninga i distriktet. Det er herleg lett å snakke med han om normer her i landet (det syns ikkje eg, helsing Anne). I Uganda er det ingen som held kvarandre i hendene eller kyssar der andre kan sjå det, men klemming var greitt (det har vi heller ikkje sett noko til). Til gjengjeld har dei mange slags handtrykk og held gjerne lenge i handa etter at ein sjølv har prøvd å avslutte handtrykket. Mor i huset er lærar på Gulu Baptist Primary School der eg skal jobbe, men var vekkreist då me kom grunna ekstra utdanning. Her er det ferie fram til 31. jan. Dei har to unge gutar som er særs hjelpsame mot oss; reier seng, leitar etter skittentøyet vårt for å vaske det, og ber sekk og veske for oss.
I tillegg har dei ein jentebaby. Der bur også andre familiemedlemmar på compunden. Mellom anna to jenter som gjer ein masse husarbeid. Dei ler mykje og likar selskap. Jentene i huset lagar mat og vaskar opp, men dei et ikkje i lag med gjestar og hannkjønn. Når vi foreslår å hjelpe til ler dei forbløffa og avviser på ein høfleg måte. Anne lukkast så langt betre enn meg med å hjelpe til.

I ei stråhytte på tunet har eg fått flytte inn med broren til mor i huset. Han spelar fotball som alle andre og er generelt avslappa. Praten går lett, og det tok ikkje lang tid før eg ville kalle han ein ven. Han hjalp til med å prute prisen på seng ned til 45 000 shilling (120 kroner), madrass, laken og eit par andre ting. Vi frakta senga heim på ein bodaboda (motorsykkeldrosje).
Elles har han hjelpt til å reparere eit par syklar slik at vi kan kome oss litt greit omkring. Anne bur inne i hovudhuset, på barnerommet. Jordstiane er støvete og litt lunefulle der dei buktar seg mellom stråhytter og mursteinhus med boda boda, syklistar, ungar og kvinner med vatn på hovudet. Utover dagen blir ein fort støvete og sveitt, og det er difor ikkje utan grunn at folk vaskar seg/dusjar rundt 3 gongar for dagen.

Kjempespennande å lese ditta her! :) Håpe dåkke kosa dåkke begge :D
SvarSlettHærlig måte å frakte ei seng på! Ser ut som dåkke kosa dåkke maks :) Gleda mej til å følgje med på bloggen dåkka!! Klem frå kalde Trondheim :)
SvarSlettJa til videoblogging!
SvarSlettOg forsovidt også motorsykkel som sengetransportmiddel!