Etiketter

onsdag 19. januar 2011

Monopol over Afrika

På flyet satt me ved sidan av ein eks-militær små-vulgær barsking frå Georgia. Han skulle vidare til Kongo for å styre med transport til eit amerikansk selskap. Amerikanarar hadde han imidlertid lite til overs for. Dei forstår ikkje forskjellen på USA og Afrika, og lurer på kvifor det er insekt og mygg på rommet. ”You eat like a … pig in your bed and leave your windows open. Why do you … think you have bugs?” svarar han då. Elles var han koseleg og inviterar oss med på eit slag monopol på iPaden sin. Verken eg eller Endre kan stille opp mot han sine erfaringar frå militær strategi, og må gi opp.

Vel framme på Entebbe flyplass står eg i visum-kø medan Endre spring rundt for å kunne ta ut pengar. Ingen av oss tenkte på å ta med dollar eller ugandiske shilling, tek ikkje alle visa? Her gjekk me i tursitfelle èin. Endre prøver begge sine kort i fire automatar før han greier å ta ut ein sum (etter anbefaling frå ein vaktmann) på den femte. Då han kjem tilbake til meg i visum-køa, viser det seg at det ikkje er nok, og han må gjennom tryggleikskontrollen endå ein gong for å ta ut meir. No er klokka tre på natta, og ein sjåfør frå Inn har allereie venta i ein time på oss. Hakuna Matata.

1 kommentar:

  1. Der ja! Er godtfolket på plass i Syden. Skal bli kjekt å høyre etterkvart korleis ting utviklar seg. Vi synest blogging er ein framifrå idé.

    Og kven skulle trudd at Uganda opererar med shilling?! Er det pga kolonitidshistorikk eller heller shilling som synonym for ein eller annan nesten parallell valuta vi ikkje greier å uttale namnet på. Då vi retorikkfolket ver i israel skjedde omlag det motsette. Alle hadde forberedt seg på at Israel var happy for dollar som valuta og hadde tatt ut tusenvis av kroner av det slaget innan avreise.. Viste seg sjølvsagt at minibank tilfanget i Israel var heilt upåklageleg og folk synest du var dust når du kom og vifta med amerikanske pengar istaden for shekel. Slik kan det gå. Eg hadde sjølvsagt vore sløv nok i førebuingsfasen til å gå glipp av valutaspørsmålet heilt overordne, så hadde ikkje med noko anna enn bankkortet. Veeeldig greitt =)

    Hels Endre! Og god tur vidare =)

    SvarSlett